Frakteskuter
Tidlegare var det sjøen som batt i hop bygder og byar. Då hadde dei små frakteskutene ei viktig oppgåve med å frakte kol, koks, is, sand og ved i nærområdet. Dei større skutene gjekk ofte med fisk, kunstgjødsel, sement og trelast langs kysten.
Denne boka presenterer historia til 48 frakteskuter. Dette er skuter som har høyrt heime på Sunnmøre i kortare eller lengre tid. Dei eldste skutene som blir omtala, kom til landsdelen i slutten av 1800-talet. Dei siste kom i midten av 1960-åra.
Båtane kunne vere svært ulike. Somme var bygde for å tilpassast spesielle transportar, andre var utrangerte fiskebåtar som fekk forlenga livet med fraktoppdrag.
Boka er lovd ferdig frå trykkeriet i siste halvdel av november
Første gang utgitt i 2017.
ISBN: 978-82-93042-06-8
Pris kr 350,-
Send di bestilling til post@flyfotoarkivet.no.