Frå damp til motor
1920-åra var krisetid i fiskerinæringa. Det vart slutt på fornying av fiskefloten. Men kring 1930 betra tidene seg. Mange av dei gamle fiskedampskipa vart då ombygde, og det kom no fleire store og moderne havfiskebåtar.
Fiske på nye felt – som ved Grønland – kravde båtar med større aksjonsradius. Dieselmotoren kom i staden for dampmaskina. Båtane fekk installert fryserom, og forholda for mannskapa betra seg.
Denne boka følgjer utviklinga frå tidlege fiskedampskip til store dieseldrivne farty. I alt får du historia til 54 havfiskebåtar der hovudvekta er lagt på båtane som kom siste tiåret før krigen.
Første gang utgitt i 2005.
ISBN: 82-995308-7-3
Pris kr 350,-
Send di bestilling til post@flyfotoarkivet.no.